header1
Foto: Merete Rotevatn
header2
Foto: Merete Rotevatn
header3
Foto: Edvin Stålem
header4
Foto: Ingvild Hansen
previous arrow
next arrow

Historie

1996
Volda rideklubb vart stifta i 1996 av Ingmar Wangen. Det vart bygd ei ridebane på 20×40 meter ved stadion i Volda. Det vart mykje aktivitet knytt til bana som stemner, show og barneriding. 

2001
Hausten 2001 måtte ridebana vike for ein turveg og rive bana som var på stadion. Store planar for ridehall over elva på Linamarka vart dessverre skrinlagt av kommuna. Det gjekk tre år utan bane og mindre aktivitet. Klubben arrangerte felles rideturar, filmkveldar og medlemsmøter. Medlemene reiste ut til Stall Nytun på Ytrestøylen og arrangerte treningar og stemner på lånt bane der.

2004
15. juli 2004 opna Volda Rideklubb ei ny ridebane på Solvollen i Vikebygda. Endeleg fekk klubben areal til å bygge bane, takka vere Svein Arnesen som tilbydde areal gratis i fem år. Aktivitet og medlemstal auka, og klubben kunne arrangere stemner og kurs igjen.

2010
Sommaren 2010 fekk vi ein fast tilhaldsplass ved Rotevatnet hjå grunneigar Bjørn Rotevatn. Der fekk vi satt opp ei 40×80 meter ridebane og har planar om å bygge ein ridehall i framtida. Vi fekk ei kontrakt på 45 år med moglegheit for forlenging, så endeleg har klubben ein fast plass å vere etter å ha flytta ridebana to gonger. Vi har fått på plass 2 lysmaster, eit klubbhus og ein kiosk på området.

2020
22. desember 2020 fekk Volda rideklubb endeleg på plass ein ridehall på 20×60 meter. Etter årevis med innsats låg det endeleg til rette for å bygge ridehall i Volda. Etter full dugnadsinnsats med ridevantet og underlaget kunne vi ta i bruk hallen like før jul. 

2021
Dette året fekk vi opp ein stall med plass til 10 hestar ved anlegget vårt. Det er ein stall bygd med sandwichplater i same stil som ridehallen. 

 

Sprang Linn og Ron Mino
åpningsdagen, premie
IMG_4036
1911ridehallen
262149689_10159305430325412_2893361574545734528_n
Hovudsponsor:

Sponsorar nettsida:

VMlogo_stående_rødogmørk_digital

Nyheitsarkiv

Referat styremøter