header1
Foto: Merete Rotevatn
header2
Foto: Merete Rotevatn
header3
Foto: Edvin Stålem
header4
Foto: Ingvild Hansen
previous arrow
next arrow

Gymkhana

Gymkhana betyr «leik til hest». Vi bruker å arrangere gymkhana for juniorar nokre gonger i året. Det vert då sett opp ei enkel hinderløype på ridebana som består av mange forskjellig oppgåver. Borna får med leiar på turen dersom dei ikkje ynskjer å ri åleine. Ein treng ingen rideerfaring for å vere med på dette. Det er vanleg at ein «går bana» før ein startar på gymkhanaen slik at ein blir kjend med kva ein skal gjere. Då går alle som skal delta i lag og får forklaring på korleis alle oppgåvene skal utførast.

Her er nokre eksempel på kva oppgåver det kan vere i ein gymkhana:

Sikk-sakk
Sikk sakk mellom kjegler enten i skritt eller trav. Prøve å kome rundt alle kjeglene utan å ri ned nokon av dei.

Ri med potet
Ri med ein potet på ei skei i handa. Dersom ein mister poteta, må ein gå av og ta den opp.

Pisk i kjegle
Ta opp ei pisk frå hesteryggen som står nedi ei kjegle. Ri så med piska fram til ei anna kjegle og sett piska ned i den.

Travbommar
Gå eller trav over bommar som ligg eit stykke frå kvarandre på bakken.

Hinder
Hoppe over eit lite hinder med hesten.

Sekkeløp
Hoppe i striesekk ved sidan av hesten.

Ri baklengs
Sitte i salen feil veg (bak-fram).

Hestesko-kasting
Kaste hestesko frå hesteryggen og prøve å treffe blink.

gaa_bana gymkhana_junior gymkhana_junior2 gymkhana_junior3 gymkhana_junior4 gymkhana_junior5 gymkhana_junior6 gymkhana

Hovudsponsor:

Sponsorar nettsida:

VMlogo_stående_rødogmørk_digital


Klubbkle:


★ Medlemstilbod:

20% rabatt på kjøp av utstyr på Smart Stall

Nyheitsarkiv