header1
Foto: Merete Rotevatn
header2
Foto: Merete Rotevatn
header3
Foto: Edvin Stålem
header4
Foto: Ingvild Hansen
previous arrow
next arrow

Vollane

På Vollane har vi ein ridehall (20×60 m) og ei ridebane (40×80 m). I tillegg er der ein stall med plass til 10 hestar. Området vi disponerer ligg idyllisk til rett ved Rotevatnet i Volda og blir ofte brukt både til treningar, kurs, stemner, barneriding og show.

Sjå kart under for å kome deg til anlegget vårt:

Køyr frå rundkøyringa ved Kiwi og vidare opp mot Vikebygda. Ta av til høgre ned Botnavegen, ta til høgre over første brua. Vegen går ned til ridehallen og -bana.

Kart henta frå Sunnmørskart.

 

Reglar for bruk av anlegget:

  • Ver hyggeleg mot kvarandre. Sei Hei og Hadet til alle når du kjem og går. 
  • Siste ekvipasje som forlet anlegget er ansvarleg for at lys og evt vifte i ridehall og lys på ridebana er slukka, og dør/port til ridehallen er lukka ordentlig. 
  • All skritting og leiing av hest skal gå føre seg godt innanfor firkantsporet. 
  • Ekvipasje som har betalt undervisning har alltid «forkjørsrett», dei som varmar opp, skrittar ned eller trenar utanom viker unna. 
  • Høgreregel: Ved eigentrening skal ein alltid halde til høgre ved møte av annan ekvipasje (venstrehand mot venstrehand). Ryttarar som er på firkantsporet har alltid «forkjørsrett». 
  • Alt hindermateriell og anna må ryddast fint på plass etter bruk. 
  • Om det kjem skade på hindermateriell, gjerde eller anna materiell, gi beskjed til styret. 
  • All møkk skal samlast i trillebår eller kassene for hestemøkk ute. Møkk på veg/parkeringsplass skal og fjernast. 
  • Roping og kjefting skal ikkje forekomme, ei heller hardhendt bruk av pisk, røsking i tøylane, eller stygg sporebruk.
  • Parkeringsplassen skal ikkje nyttast til trening av hest. 
  • Heile anlegget er røykfritt område. 
  • Det er bandtvang på heile anlegget. 
  • Laushopping skal alltid avtalast med styret. 
  • Dersom det er djupe spor etter hesten din skal du rydde opp etter deg (dekke groper, rake vekk kanten på volta du har longert på). Dette gjeld både i ridehallen og på utebana ved slepping, longering og riding/køyring. 
  • Av og påstigning skal skje ved porten.

Ved longering i ridehallen

  • Den som longerer får 10 minutt til å gjere seg ferdig om det kjem ridande/køyrande ekvipasje som skal nytte hallen. Avtal med kvarandre. 
  • I perioden 1. mai til 15. oktober er det ikkje lov å longere i ridehallen, bruk utebana. 
  • Det er ikkje tillete å ri på firkantsporet forbi hest som blir longert. Den som longerer kan halde seg i eine enden etter løyve frå dei andre, eller avslutte. Gjer avtale med kvarandre.

Slepping av hest

  • Det er ikkje løyve til å sleppe laus hest i hallen og det skal ikkje kjørast maraton pga underlaget. 
  • Om ein skal sleppe hest laus på ridebana, og det kjem andre som skal nytte bana har ein 5 minutt på seg å fange den.
  • Det er ikkje lov å sleppe hestar lause på utebana når det er organiserte treningar i hallen. Organiserte treningar vert varsla på Facebook.

Anlegget kan stengjast ved arrangement, og ved større stemner vert anlegget stengt frå fredag kveld til søndag ettermiddag. Hugs at anlegget er drive på dugnad, rydd opp etter deg sjølv.

Sikkerheit

  • Ridehjelm er påkrevd ved all bruk av anlegget med hest.
  • Dersom du er under 18 år kan du ikkje hoppe sprang med hest aleine eller køyre med hest og vogn aleine. Der må alltid vere ein som er myndig til stades. Dette fordi det lettare kan skje ulykker i sprang og køyring. 
  • Sikkerheitsvest er påbudt under hopping for alle ryttarar t.o.m. det året dei fyller 18 år, for alle over 18 år er det anbefalt. 
  • Barn under 12 år, skal alltid vere under oppsyn av nokon over 18 år. 
  • Hestens utstyr må vere i sikkerhetsmessig stand. 
  • Hensynet til hestens velferd skal alltid komme først (sjå KR §114, Norges Rytterforbund).

Hugs at DU kan vere eit forbilde for andre 🙂 

Hovudsponsor:

Sponsorar nettsida:

VMlogo_stående_rødogmørk_digital


Klubbkle:


★ Medlemstilbod:

10% rabatt på kjøp av utstyr på Smart Stall

Ta kontakt her for rabatt-kode: Kontakt oss

Nyheitsarkiv