header1
Foto: Embla Synnes Melbø
previous arrow
next arrow

Volda rideklubb

Rideklubb for alle

Volda rideklubb er ein open klubb for alle både når det gjeld til dømes alder, kjønn og fysiske- og psykiske utfordringar. Hestane har ulike raser, alder og kjønn, og klubben støtter all slags bruk av hest.

Anlegget vårt

Vi har ein ridehall på 20×65 m, ei utandørs ridebane på 40×80 m og ein rundpaddock på 20 m i diameter ved Rotevatnet. Vi har også ein klubbstall med plass til 10 hestar og eit bygg med 4 gjestebokser. Anlegget ligg i eit trafikktrygt og naturvenleg område som gir barn, unge og vaksne ein trygg stad å utvikle seg med hest. Dette er ein samlingsplass for hesteinteresserte. Det er her vi har dei fleste av arrangementa til klubben.

Barn og unge

Eit av hovudfokusa til klubben er barn og unge, samt rekruttering av denne målgruppa. Som tilbod til dei yngre arrangerer klubben jamleg barneriding, juniorkurs, stalldagar og ulike konkurransar, der medlemmar som har eigen hest som passer til dette formålet stiller opp. Her er det fokus på hesteglede og gjensidig respekt. Godt samspel med store dyr som hestar gir bra meistringsfølelse.

Det fine med hest

Hest er eit viktig alternativ til barn og unge som ikkje har interesse for dei meir vanlege aktivitetane. Det å halde på med hest har vist seg å halde barn og unge vekk frå keisemd og rus, og dei lærer seg å ta ansvar for andre levande vesen. Hesten er ein god ven som verken dømmer eller mobber.

Sjå video under om Volda rideklubb frå 2013 der ridehall stod høgt oppe på ønskelista
Sponsorar nettsida:


Klubbkle:


★ Medlemstilbod:

10% rabatt på kjøp av utstyr på Smart Stall

Ta kontakt her for rabatt-kode: Kontakt oss

Nyheitsarkiv