1996
Volda rideklubb vart stifta i 1996 og ei ridebana ved stadionen på 20×40 meter kom opp. Det var rundt 30 medlemmer på den tida. Då Volda endeleg hadde fått ei ridebane, auka hesteaktiviteten. Det vart arrangert Hestens dag, sprang- og dressur stemner og rekruttering av yngre medlemer ved barneriding. Klubben hadde også innleigde rideinstruktørar og heldt ridekurs.
2001
Hausten 2001 måtte ridebana vike for ein turveg og rive bana som var på stadion. Det gjekk tre år utan bane og mindre aktivitet. Klubben arrangerte felles rideturar, filmkveldar og medlemsmøter. Medlemene reiste ut til Stall Nytun på Ytrestøylen og arrangerte treningar og stemner på lånt bane der.
2004
15. juli 2004 opna Volda Rideklubb ei ny ridebane på Solvollen i Vikebygda. Endeleg fekk klubben areal til å bygge bane, takka vere Svein Arnesen som tilbydde areal gratis i fem år. Aktivitet og medlemstal auka, og klubben kunne arrangere stemner og kurs igjen.
2010
Sommaren 2010 fekk vi ein fast tilhaldsplass ved Rotevatnet hjå grunneigar Bjørn Rotevatn. Der fekk vi satt opp ei 40×80 meter ridebane og har planar om å bygge ein ridehall i framtida. Vi fekk ei kontrakt på 45 år med moglegheit for forlenging, så endeleg har klubben ein fast plass å vere etter å ha flytta ridebana to gonger. Vi har fått på plass 2 lysmaster, eit klubbhus og ein kiosk på området.
Referat styremøter
2021
………………………………………………………………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………………………………………………………………
………………………………………………………………………………………………………………………………………
2020

Årsmeldingar og referat
Trykk på bileta under for å lese årsmeldingane og referata:
Hesteskoen – papiravis for Volda rideklubb
Last ned gamle aviser frå 1999 – 2005 som rideklubben produserte og sendte ut til medlemmane: