Det store kakesalget

12182959_10153557943025412_1278557440677178548_oTil alle våre medlemmar!
Då er det store kakesalget i gang igjen og klubben treng DI hjelp! Dette er ein enkel å fin dugnad for å få gode pengar til klubben. Hjelp oss med å selge kaker og karameller fram til 14. november og gi oss beskjed til styret om antal (kakene vil kome i god tid før jul).

Her er ei bestillingsliste som er fin å printe ut og legge i kantina på jobb eller på skulen: Bestillingsliste kakesalg.

Kjempeenkelt, bestillingane blir gjort omtrent av seg sjølv ) Eit anna tips er å dele innlegg om kakesalget på facebook, det brukar å vere veldig effektivt.

PS! Vi har ein konkurranse på gang der det vankar ein premie på den personen som klarer å selge flest kaker. 🙂

Dersom du vil kjøpe kaker med oss kan du bestille det på epost: styret@voldarideklubb.no
Sjå alle produkta på nettsida til Nordkak: https://www.nordkak.no/

Rekordstort klubbstemne

 
Sjeldan har eit klubbstemne i sprang lokka så mange medlemmar i Volda rideklubb til start. 

Laurdag 20. mai fekk fleire sin stemnedebut på heimebane.

Les meir…

Årsmøte 2016


Då nærmar det seg tid for årsmøte for rideklubben.

Datoen blir: Måndag 15. februar kl. 19.00
Stad: Hos Linn Wangen Mork, Kårstadvegen 10, Volda

Sakliste:

  • Val av sekretær
  • Val av dirigent
  • Val av 2 representantar til å signere protokollen
  • Godkjenning av inkallinga og saklista
  • Lese opp årsmeldinga og godkjenne den
  • Godkjenning av det reviderte rekneskapet
  • Medlemskontingent og baneleige
  • Val av styre
  • Informasjon om planar for aktivitetar 2016

Gi oss beskjed om du vil sitte i styret eller i grupper. Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 5. februar. Send ein epost til styret@voldarideklubb.no om du har innspel som bør vere med på årsmøtet.

Det blir servert sjokoladekake 🙂
Vel møtt!

 

 

Riding på Haualeitet

 
Onsdag 28. juni stilte rideklubben opp med to hestar på Haualeitet for barneriding til stor glede for barna.

Les om dagen i Møre her:

Kjekke sommaraktivitetar på Bygdetunet

Referat årsmøte og årsmelding

Torsdag 23. februar hadde vi årsmøte. Det møtte en liten gjeng frå klubben og nytt styre vart valt. Medlemmar av styret 2017 er:

  • Ida Kristine Standal
  • Andreas Eikrem
  • Linn Wangen Mork
  • Randi Mork
  • Liv Jorunn Nyhagen
  • Karin Vatnehol
  • Rakel Skram Aasen
  • Bodil Molvik
  • Stine Høgalmen

Styret konstituerer seg sjølv på første styremøte.

Her kan du lese referatet frå årsmøtet: Referat årsmøte 2017
Her kan du lese årsmeldinga: Årsmelding 2016