Fleire sponsorar på plass!

Volda rideklubb fekk nyleg landa to nye skiltsponsoravtaler i ridehallen. Vi takkar Holen Sand- og Grustak AS og Norwegian Group AS for støtta! Har di verksemd lyst å syne att i ridehallen vår? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Stallstøtte frå Sparebanken Vest

Volda rideklubb har fått 70.000 kroner frå Sparebanken Vest sitt “Ildsjelfond” til bygging av stall på Vollane. Laurdag føremiddag vitja kunderådgjevar Frank Vatne frå Sparebanken Vest hestesportsanlegget til Volda rideklubb med det synlege beviset på gåva: Ein diplom. Stallbygget er no under planlegging, og om alt går etter planen kan det stå ferdig til hausten. Bygget skal romme ti bokser, salrom, forrom og toalett, og vil styrke tilbodet til hestesporten i Volda. 

D-stemne i sprang


Helga 15-16. juni arrangerte Volda rideklubb d-stemne i sprang for første gong på ti år. Stemnet samla 21 deltakarar frå Sunnmøre og Nordfjord.

Sjå resultata frå stemnet her: Resultat d-stemne sprang 15-16. juni 2019.

Les meir om stemnet her frå Møre: Første D-stemne i sprang på ti år.

Nytt hindermateriell på plass

Volda rideklubb har fått støtte frå Sparebanken Møre og Ungdomsmidlane til innkjøp av ein del nytt hindermateriell. I går, 19. juli, vart hindermateriellet levert ved hallen. Vi har fått støtte til å kjøpe inn 25 nye trebommar, seks hinderstøtter i aluminium (inkludert oppheng) og ein planke med logoen til Sparebanken Møre på.

Fleire skiltsponsorar på plass

Volda rideklubb har god plass til sponsorskilt på kortsida i ridehallen. Her vil skilta vere godt synlege for alle brukarane av hallen, både tilskodarar og ryttarar. Til no i år har vi fått inn tre skiltsponsorar: Mulvik, Tussa og Rosetter.no. I helga fekk vi besøk av Karoline og Baard frå Rosetter.no, som var glade for å få vere med å støtte eit slikt flott anlegg. Vi har framleis plass til mange skilt på veggen, så interesserte må gjerne ta kontakt!