Klubbmeisterskap i sprang

Torsdag 19. november arrangerte Volda rideklubb sitt fyrste klubbmeisterskap i sprangridning. Det var sett opp meisterskapsklasser i 40-50-60 og 70 cm, men berre 40 og 60 cm fekk startande. På grunn av få påmelde så vart deltakarane slått saman til ei meisterskapsklasse, der dei hoppa på sine påmelde høgder. Det vart spennande til siste slutt, ettersom begge i 40 cm og ein i 60 cm stod med 4 feil etter grunnomgangen. Då vart det omhopping over ei kortare bane, der det var lagt opp til mange moglegheiter for å korte ned svingane. Vinnar av 60 cm og klubbmeister sprang 2026 vart Anja Grønnevik Kirketeig og Fritzgards Nickolai. Sølvet gjekk til vinnar av 40 cm, Anna Wangen Mork og Svingens Lunar, og bronsen til Lilly Sofie Sætre Humberset og Solsidas Lukas.

I tillegg til meisterskapsklassene var det sett opp to lette klasser der det var lov med leiar, 20 cm bom på bakken og 30 cm. Her var det god påmelding, med ni startande i 20 cm og fire i 30 cm. Det var fleire debutantar på stemnet, og klubben gler seg over at det gror godt i hestemiljøet for tida.

FLEIRE NYHENDE