To år med ridehall!

På kvelden 22. desember 2020 tok første hesten den nye ridehallen i Volda i bruk. Dette var ein skikkeleg milepæl for rideklubben, som fekk realisert ein kring 25 år gammal draum i koronaåret 2020. Mange la ned ein stor innsats for å kunne opne hallen før jul dette året, og hallen opna mange nye moglegheiter for rideklubben. Sidan har det vore bra interesse for å bruke hallen, året rundt. Det er godt å kunne trekke under tak når det regnar, bles og snøar, og klubben har fått eit mykje breiare treningstilbod etter at hallen opna. Vi håper mange vil vere med som betalande brukarar i åra som kjem også!

FLEIRE NYHENDE