Eit år sidan klubbstallen opna

14. desember 2021 flytta dei to første hestane inn i klubbstallen bak ridehallen, og hestesportsanlegget på Vollane var med dette (nesten) komplett! Odin og Molly var dei første som tok stallen i bruk, og dei resterande åtte boksane vart fylt opp fram mot jul 2021, etter ein stor dugnadsinnsats frå fleire medlemmar for å få stallen klar til bruk. Sommaren 2022 vart paddockane også klare til bruk, og det står framleis ti hestar på klubbstallen. Stallen er populær, og det er per i dag venteliste for å få plass. Ynskjer du stallplass i Volda, er det eit godt råd å vere tidleg ute å melde interesse – både når det gjeld klubbstallen og andre nærliggjande stallar.

FLEIRE NYHENDE