Vellukka køyrestemne

Første helga i påska arrangerte Volda rideklubb D-stemne i dressur- og presisjonskøyring. Dommar var Janne Hetle og banebyggar var Pontus Gundersen. Det var eigentleg Eid ride- og køyreklubb som skulle arrangere dette stemnet, men VRK fekk høve til å ta over på kort varsel. Sidan fleire av klubben sine medlemmar trengde kvalifisering til fjordhest NM, med meir, så heiv vi oss rundt og fekk stabla eit stemne på beina! Laurdag kveld vart det kuskefest på Marias i sentrum, noko som var sosialt og kjekt. Her samla både deltakarar og gode hjelparar seg til eit betre måltid. Vi hadde vêrgudane på vår side, så presisjonen kunne gå ute søndag. Då kom det også litt publikum for å kike på.

FLEIRE NYHENDE