Vellukka dressurstemne

Ei stund sidan sist oppdatering her, men det betyr ikkje at klubben har kvilt på laurbæra. Nyleg gjennomførte vi eit vellukka Grønt kort-kurs med 10 deltakarar, og førre helg arrangerte vi todagers klubb- og distriktsstemne i dressurriding. Mange deltakarar fann vegen, og det vart ridd til mange gode prosentar. Resultatlister er å finne på Equipe og Nryfstevne. 12. oktober tilbyr vi pizzakveld for medlemmar, og 16. oktober vert det internt klubbstemne i sprang. Vi skal også ha jamneleg tilbod om ride- og køyrekurs utover hausten, sjekk kalender for meir info.

FLEIRE NYHENDE