Volda rideklubb har eit breitt treningstilbod for medlemmar som disponerer eigen hest. Anja Grønnevik kjem (nesten) kvar onsdag for å halde trening i sprang og dressur, og vi har (nesten) månadlege treningar for Trude Vaslestad (dressur), Maria Hagen (sprang og dressur) og Wenche Johannesen (køyring og dressur). I tillegg kjem andre instruktørar innom meir sporadisk, og det er også mogleg å ri klubbtreningar for Ida Kristine Standal Eikrem og Liv Jorunn Nyhagen.
For meir info om dei faste treningane, sjå Facebook-gruppene:
Trening for Anja Grønnevik i Volda
Trening for Maria Hagen i Volda og Ørsta
Wenchetreninger
Trude treninger
Informasjon om andre treningar vert annonsert på klubben si Facebook-side, der alle medlemmar har tilgang.