Forseinka jubileum og opningsfest

Volda rideklubb fylte 25 år i 2021, men fekk ikkje feira som følgje av pandemien. 26. mai kl 12:00 byr klubben inn til storstilt jubileumsmarkering og opningsfest for ridehall og klubbstall.
Draumen har heilt sidan starten vore å føre opp ein ridehall, då sunnmørsvêret er lunefullt og treningsmoglegheitene om vinteren har vore avgrensa. Etter stor innsats både frå styret og medlemmane, stod  den nye ridehallen ferdig til jul 2020. Men klubben kvilte ikkje på laurbæra: Når ein først var godt i gang med anleggsutvikling så gjekk ein like godt i gang med å føre opp ein klubbstall bak hallen. Stallen var innflyttingsklar til jul 2021. No som koronarestriksjonane er letta, er det på høg tid å markere desse to storhendingane i klubben si historie!
Det vert mykje godt program frå klubben sine medlemmar under showet, i tillegg til taler og offisiell snorklipp av varaordførar Sverre Leivdal. Det heile vert avrunda med open stall og barneriding i ridehallen.

FLEIRE NYHENDE