Nytt ridekurs

1402837_10151959109591142_928602185_oDå startar vi igjen med eit nytt ridekurs for barn og unge. Det vil foregå over 3 torsdagar:

  1. Torsdag 15. mai
  2. Torsdag 22. mai
  3. Torsdag 5. juni

Det blir to grupper som kvar får ri ein halvtime. Første gruppe startar kl. 17.45 og 2. gruppe startar kl. 18.30 (eit kvarter i tillegg per gruppe for bytte av hjelmar og tildeling av hest). Alle timane vil foregå på Vollane ridebane. Prisen blir 700 kr for junior-medlemmar av Volda rideklubb, og 900 kr for dei som ikkje er medlem. Aldersgrense er 4 år og oppover. Det er bindande påmelding på kurset for alle 3 gongane.

Påmeldingsfrist er torsdag 1. mai kl. 16.00
Klubben stiller med trygleiksvestar og hjelmar til utlån, men om nokon har sjølv er det fint. Hugs varme kle og sko med hæl.

Vi vil prøve å dele opp gruppene etter nivå. Huk av i påmeldingsskjemaet om du har delteke på kurs i regi av klubben før.

Bruk påmeldingsskjemaet under for å melde deg på.

Minner om at junior-medlemmar har førsterett på kurset. Les meir om juniormedlem her: Juniormedlem.

Førstemann til mølla! 🙂

Når du har meldt deg på vil du få ein epost som bekreftar påmeldinga di. Innan 3. mai får du vite om du har fått plass på kurset. Ta kontakt om du ikkje får svar på påmeldinga.

For spørsmål, kontakt Rakel på mail: rakel@voldarideklubb.no eller tlf. 907 91 139

FLEIRE NYHENDE