Juniormedlem

Ved årsmøtet laga vi til eit nytt medlemskap berre for juniorar. Medlemskapet gjeld fram til ein er 15 år, og har nokre fordelar som berre passar for dei yngre.

Dette medlemskapet kostar 200 kr per år og ein får 100 kr rabatt på juniorkurs, 25 kr rabatt på rideturar og 15% rabatt på Eik-senteret og Felleskjøpet på hestutstyr. På stemner og show er vi avhengige av dugnadsfolk, og dersom juniormedlemmane har lyst kan dei gjerne vere på å hjelpe til på arrangementet. Då får dei lære mykje om korleis eit stemne / show fungerer og kanskje vere hestepassar for nokre av deltakarane. Les meir om medlemskap i klubben under lenkjen «Bli medlem».

FLEIRE NYHENDE