Ridekurs for barn og unge

1426550_10151959108291142_381847620_nDå startar vi opp igjen med eit nytt ridekurs for barn og unge. Det vil foregå over 3 torsdagar:

  1. Torsdag 27. mars
  2. Torsdag 3. april
  3. Torsdag 10. april

Det blir to grupper som kvar får ri ein halvtime. Første gruppe startar kl. 18.00 og 2. gruppe startar kl. 18.45 (eit kvarter i tillegg per gruppe for bytte av hjelmar og tildeling av hest). Alle timane vil foregå på Vollane ridebane. Prisen blir 600 kr for junior-medlemmar av Volda rideklubb, og 800 kr for dei som ikkje er medlem. Det er bindande påmelding på kurset for alle 3 gongane.

Påmeldingsfrist er måndag 24. mars kl. 16.00
Klubben stiller med trygleiksvestar og hjelmar til utlån, men om nokon har sjølv er det fint. Hugs varme kle og sko med hæl.

Denne gongen vil den eine gruppa vere for barn (frå 4-13 år) og den andre for ungdom (frå 13-19 år). Huk av på påmeldingsskjemaet om du vil på ungdomsgruppa eller barnegruppa.

Bruk påmeldingsskjemaet under for å melde deg på, førstemann til mølla!

Minner om at junior-medlemmar har førsterett på kurset.

For spørsmål, kontakt Rakel på mail: rakel@voldarideklubb.no eller tlf. 907 91 139

16. mars 2014

FLEIRE NYHENDE