Tid for å betale medlemsskap
Det er nytt år og tid for fornying av medlemskap i Volda rideklubb 🙂
 
Det vert i år ikkje sendt ut faktura, men betalingsinformasjon kjem her:
 
Medlemskap kr 500,-
Familiemedlemskap kr 700,- (inntil 4 personar, kr 50 pr person i tillegg utover dette)
Juniormedlemskap kr 250,- (til og med 15 år) 
Gjestemedlemskap: kr 250,- (om du har hovudmedlemskap i ein annan klubb tilknytt Norges rytterforbund)
 
Om du ynskjer å nytte ridehallen, ridebana eller området vårt elles må det løysast anleggsleige. 
 
Enkeltleige pr år kr 4200,- (350 pr mnd)
Enkeltleige 1/2 år kr 2400,-
Familieleige pr år kr 4700,- (kr 390 pr mnd)
Familieleige 1/2 år kr 2650,- 
*Om du har ein fôrryttar, kan ein løyse familieleige og dokke begge kan nytte anlegget. 
 
Det er fint om medlemskap og evt anleggsleige vert betalt til konto  3910.33.88744, innan 31. januar 2022. Fint om dei som betalar familiemedlemskap merkar innbetalinga med namn på dei som skal vere medlem.
Ta kontakt med kasserer om du ynskjer å betale anleggsleiga med faste avdrag pr mnd, treng faktura, eller om du har andre spørsmål,  saman finn vi alltid ei løysing!
 

FLEIRE NYHENDE