Volda rideklubb byr inn til Grønt kort-kurs 12. februar.
Kurset består av 3 delar; forkurs, hovudkurs og ein praktisk del.
Forkurset består av to delar som tek føre seg reglement – KR1 (Del 1) og Sikkerhet og hestekunnskap (Del 2). Kursa skal takast som e-læringskurs, og du treng boka På vei inn i ryttersporten, boka er ein digital og kjøpast her: På vei inn i ryttersporten
Forkursa finn du her: Forkurs Grønt kort
Kursa vert registrert automatisk i Min Idrett på din profil og vil visast på din idrett-cv.
Du må ha tatt kursa før du kan ta hovudkurset – frist: 11.02.22
Hovudkurset vert arrangert: 12.02.22 klokka 10-12 på møterom på Volda og Ørsta Reinhaldsverk i Torvmyrane 29, Hovdebygda.
Påmelding: Gå inn på minidrett, opprett profil og søk på «grønt kort», då får du opp ei liste. Vel kurset som har Volda rideklubb som arrangør.
Barn til og med 16 år må ha med seg foreldra sine/ansvarleg person på kurs. Dette gjeld også i gjennomføring av dei digitale kursa.
Pris: 200kr per deltakar, skal betalast til konto 3910.33.88744 før kurset.
Dei som skal ta ridedelen seinare betalar dette direkte til kurshaldar Maria Hagen når dei melder seg på ridekurs.
Dei som skal ta ridedelen seinare betalar dette direkte til kurshaldar Maria Hagen når dei melder seg på ridekurs.
Velkomen til Grønt kort kurs!