Innflytting i klubbstallen

Tysdag 14. desember 2021 flytta dei to første hestane inn i den nye klubbstallen bak ridehallen. Det står framleis att ein del arbeid på uteområdet, samt inne i stallbygget, men det blir bra til slutt! Fire mellombelse paddockar er plassert ved ridehallen, og det er venta at fleire hestar vil flytte inn i stallen før jul. Resten kjem etter nyttår.