Tett bygg og tid for dugnader

I veke 47 vart arbeidarane som har bygt ridehallen vår på Rotevatn ferdige, og vi har no ein ridehall med både tak, veggar og dører på plass. Det står framleis att ein del arbeid innvendig, men dette er slikt klubben må gjere på dugnad. Alle medlemmar vil få e-post med meir informasjon i nær framtid. Det som står att no er montering av lys, bygging av vant og planering av ridebanebotnen. Vi kan ikkje opne hallen for bruk før dette er på plass, men vonleg er bygget klart til bruk frå nyttår.

FLEIRE NYHENDE