Takk til alle rosettkjøparar

For å tene pengar til den nye ridehallen, selde Volda rideklubb i 2020 “Stolt sponsor”-rosettar til 1.000 kroner per stykk. Det viste seg at dette var lettselde rosettar, og klubben fekk inn kring 150.000 kroner frå private og bedrifter på denne måten. No er alle støttespelarane heidra på ein plakett i ridehallen. Klubben vil elles selje ut restlageret av rosettar til inntekt for stallbygg i 2021, og prisen er no sett til 500 kroner per stykk. Ta kontakt med nokon i styret om du vil sikre deg eit kjekt minne!