Stallstøtte frå Sparebanken Vest

Volda rideklubb har fått 70.000 kroner frå Sparebanken Vest sitt “Ildsjelfond” til bygging av stall på Vollane. Laurdag føremiddag vitja kunderådgjevar Frank Vatne frå Sparebanken Vest hestesportsanlegget til Volda rideklubb med det synlege beviset på gåva: Ein diplom. Stallbygget er no under planlegging, og om alt går etter planen kan det stå ferdig til hausten. Bygget skal romme ti bokser, salrom, forrom og toalett, og vil styrke tilbodet til hestesporten i Volda.