Digital Bygdepride

Bygdepride vert digitalt i år, og i samband med dette er lag og organisasjonar oppmoda om å vise si støtte gjennom små videosnuttar. Videoane vert ein del av ein paradefilm som vert synt fram under Bygdepride i perioden 10.-15. mai.
Volda rideklubb støttar saka, og ynskjer å lage eit mini-pridetog rundt rideanlegget vårt 24. april kl. 12. Håper mange har lyst å vere med, med eller utan hest. Vi må ha påmelding frå alle som kjem, med tanke på eventuell smittesporing, så gi beskjed til styret@voldarideklubb.no eller på vår Facebook-side om de vil vere med. Frist for påmelding er 23. april.

FLEIRE NYHENDE