Sponsorfilm

sponsorfilmKlubben har fått laga seg ein film om Volda rideklubb som vi kjem til å sende ut til sponsorar i nærområdet.

Der tek vi for oss kva klubben står for; at den er open for alle.

Det vil seie at vi ønsker folk i alle aldrar og begge kjønn velkomne med kvar sine interessefelt innan hest. Det spelar heller ingen rolle kva rase eller alder hesten din har. Vi fokuserer også på at barn og unge skal få vere saman med hestar og lære meir om dei. Vi arrangerer fleire kurs i året samt stiller opp på barneriding ved diverse høve.

[youtubegallery] |http://www.youtube.com/watch?v=S3xoWGNVPR8
[/youtubegallery]

FLEIRE NYHENDE