Sommarshow og marknad

Janita og Abel juniorstemneSøndag 2. juni arrangerer klubben hesteshow og marknad frå kl 12.00. Vi vil ha nokre showinnslag på ridebana med blant anna sprangkvadrilje, dressurriding og miniski. Det vil også vere moglegheit for å melde seg på junior-gymkhana. I tillegg til showinnslag vil vi ha forskjellige postar der ein blant anna kan strigle hest, ri på hest eller kaste hestesko.

Det er duka for ein familiedag på Vollane ridebane og vi håper at flest mogleg tek turen innom! Det blir open kiosk med mykje godt utval 🙂

Trykk på les meir og bruk påmeldingsskjemaet for å melde deg på junior-gymkhana.

Det vert høve til å låne hest for dei som ikkje disponerer eigen hest. Gi beskjed om dette ved påmelding. Nedre aldersgrense er 2 år.
Pris: 50 kr. Premiering: Sløyfer og gåvepremiar til alle deltakarane, ingen rangering. Klubben har tryggleiksvestar og ridehjelmar til utlån. Hugs sko med hæl. Det vert sett opp ei enkel hinderløype, som består av små hinder, samt kjegler og bommar. Borna får med leiar på turen, dersom dei ikkje ynskjer å ri åleine. Valfri hinderhøgd (10-40cm). Påmeldingsfrist er laurdag 1. juni kl 16.00.

13. mai 2013

FLEIRE NYHENDE