Sølv til Voldalaget

I juli i sommar utmerka tre deltakarar frå Volda rideklubb seg under årets FjordhestNM. Meisterskapan gjekk av stabelen på Starum, og laget til Volda rideklubb tok med seg sølvmedaljen heim. Laget bestod av Liv Jorunn Nyhagen/Pokemann (dressur), Isabell E. Øye/Brautar (sprang) og Anna Sve/Faun Prins (køyring).

Isabell vann også NM senior samanlagt som for i år deltok for Volda rideklubb, i tillegg til bronse i Nordisk allround. Liv Jorunn vart både greinmeister og Nordisk meister i dressur, tok sølv i nordisk allround og sølv i “Gule tur” (dressursamandrag med litt høgare nivå). Anna deltok også på Nordisk baltisk køyring på Starum som ungkusk og kom på 6. plass. Det var høgt nivå på dette stemnet, og ho deltok i konkurranse med alle slags andre hesterasar med fjordingen Faun Prins.

FLEIRE NYHENDE