Satsingsklubb: Startmøte

Volda rideklubb er trekt ut som ein av klubbane som får ta del i satsingsklubb-prosjektet til Norges Rytterforbund for 2019-2020, og då treng vi medlemmane si hjelp.

Det vert med dette kalla inn til eit startmøte med vår klubbrettleiar Guro Grønningsæter frå NRYF 28.10 klokka 18:00-21:00. Møtet finn stad hos Volda og Ørsta Reinhaldsverk i Hovdebygda, og det vert enkel servering i pausen.

Håper så mange som mogleg kan stille, alle sine meiningar er viktige i det vidare arbeidet! På grunn av matbestilling må ein sende påmelding til livjorunn83@gmail.com innan 20.10. Vel møtt!

Invitasjon til startmøte

FLEIRE NYHENDE