KM dressur i Volda
Volda rideklubb er så heldige å vere vertskap for KM dressur i Møre og Romsdal i 2019. Stemnet finn stad på Vollane ridebane 28.-29. september.

Det er første gang VRK arrangerer KM dressur, men vi har tidlegare arrangert KM køyring. Laurdag morgon startar med Lag-KM for ponni og hest, før det vert individuelle klasser utover dagen. Søndag er det individuelle KM-finaler, før helga vert avslutta med opne klasser.
Allereie no er det mange ekvipasjer påmeldt, og vi håper på enno fleire før fristen går ut 22. september.

FLEIRE NYHENDE