Riding for barn og unge i sommar

riding_rjaanes_juni15Hittil i sommar har klubben vore leigd ut til to oppdrag med hest. I juni stilte vi opp med to hestar på Rjånes ungdomsleir på Liadal. Der var det 19 jenter som fekk prøve seg kvar sin tur på hesteryggen.

Her kan du lese artikkel frå Møre frå dagen på Rjånes: Med hest på leir

I slutten av juni vart vi hyra inn av Frivillgsentralen og stilte opp med to hestar på Haualeitet. Der fekk barn som ikkje har høve til å reise vekk på ferie sitte på fleire runder på hestane.

Her kan du lese artikkel frå Møre frå dagen på Haualeitet:
Laga papir og rei på hest

Fredag 31. juli stiller vi med to hestar på Årneset på barneriding kl. 14.00-15.00 arrangert av Frivillgsentralen. Vel møtt! 🙂

FLEIRE NYHENDE