Resultat frå Fjordhest NM

randi_80cm_nmfjordhest2015Fjordhest NM som vart arrangert på Stavsplassen i Tretten er over, og det vart fine resultat frå våre rytterar frå Volda.

Randi Mork med fjordingen Odin kom på ein 4. plass samalagt i junior NM. Ho debuterte også i klassa knøttecup med feltritt og kom på ein 3. plass der.

Her kan du lese ein artikkel om Randi frå sommarpraten i Møre: Klar for NM fjordhest

Ida Standal rir for Eid ride- og køyreklubb, men også er medlem i Volda rideklubb. Ho kom på 9. plass i grenmesterskapet i dressur, etter å ha kvalifisert seg til a-finalen. Ho var også med på laget til Eid som kom på ein 4. plass.

Isabell Øye rir i år for Volda rideklubb og fekk ein 2 plass av ti startande i dressurriding LA4. Ho køyrde også godkjent i maraton.

Sjå her for å lese meir om alle resultata frå NM: Resultat på HorsePro

FLEIRE NYHENDE