Lurer du på kva som skjer i klubben?

20110605_0538Her kjem ei lita oppdatering på det som har skjedd i rideklubben dette året.

Det vert for tida arbeidd aktivt og godt i styret i Volda rideklubb for å sikre klubben gode fasilitetar på både kort og lang sikt.

Søknad Volda kommune driftstilskot og vegtilkomst
Etter søknad til Volda kommune på vårparten, fekk klubben i haust endeleg gladmeldinga frå kommunestyret om at kommunen vil ta på seg å betale den venta auken i områdeleige som inntrer frå 2019. Det vil seie at VRK skal halde fram å betale same leigesum som i dag resten av leigeperioden på kring 40 år.

Dette gir klubben betre økonomisk spelerom, og gir oss eit betre utgangspunkt for å kunne betale ned lånet vi har på ridebana, samt at det gir ei opning for å tenkje ridehall på sikt. Styret har tidlegare sjekka prisar hos ulike halleverandørar, og det vil verte vanskeleg å kome under 3 millionar for ein hall, inkludert grunnarbeid. Volda kommunestyre sa også i sitt vedtak at kommunen vil vurdere å byggje og drifte den planlagde nye vegen ned til ridebaneområdet. Dette vert å kome attende til i budsjettarbeidet som vert lagt fram til politisk handsaming før jul. Vi krysser fingrane!

Nytt dekke på ridebana
Takka vere 50.000 kroner i støtte frå Sparebanken Møre, har vi no kunne etterfylt grus på ridplanering-ridebaneebana. Klubben har brukt 4/5 av midlane på grus, noko som har gitt eit 3-4 cm tjukt lag på 40×60 meter av bana. På resterande 20×40 meter vil det verte blanda inn gummirasp, i håp om at dette vil gi oss brukbar bane lenger utover vinteren.

Gummien vert levert neste veke, og vi ser på dette som eit prøveprosjekt. Dersom det vert vellukka, kan det på sikt (og ved meir sponsorstøtte) verte aktuelt å blande inn gummi over heile bana. Takka vere god pris frå Volda Maskin, og fraktstøtte frå Retura Søre Sunnmøre (til gummi), fekk vi kjøpt inn ekstra mykje banedekke for pengane frå banken. Det er vi svært takksame for!

Det store kjekssalget
Styret i VRK heiv seg rundt og fekk bestilt inn kjeks og karameller frå Nordkak i oktober, då vi oppdaga kor lettselde desse produkta faktisk er. (Eid ride- og køyreklubb har gjort liknande sal dei to siste11147568_10153537578140412_181206228214050060_n åra, med godt resultat.) Takk til alle medlemmane som har stilt opp for å selje! Med hovudbestilling, bonusboksar og etterbestilling frå katalog har vi selt godt over 400 boksar, og tent over 9000 kroner til klubben på eit par veker! Dette er pengar som kjem veldig godt med, og det vil verte vurdert å gjere liknande stunt til neste år.

Av årets erfaring ser vi at enkelte typar boksar var meir populære enn andre, og at nokre medlemmar selde veldig mykje, medan andre ikkje fekk selt like enkelt. Vårt framlegg er difor at vi neste år sel frå katalog/førehandsbestilling, og kjøper inn berre det talet på boksar vi har fått selt på førehand. Då vert det lettare å administrere ordninga, og salet vert truleg like godt. Neste år er det også ynskjeleg at juniormedlemmane tek aktivt del i salet, noko mange av dei stilte seg positive til også i år. Takk for hjelpa!

Kleskolleksjon
Elles er klubbstyret godt i gang med å samle inn sponsorar for å få til ein ny kleskolleksjon (i fyrste omgang klubbjakker) til medlemmane. Så langt har vi møtt stor velvilje frå fleire lokale bedrifter, bådjakkee slike som har sponsa oss tidlegare, og nye sponsorar. Dei nye klubbjakkene vil mellom anna verte pryda med logoane til Rotevatn aut. Trafikkskule, Mesterhus og Aarflots prenteverk/Møre.

Vi håper å få lagt ut bestillingar på kleskolleksjonen i god tid før jul. Vi har også fått sponsorar som ikkje ville vere på jakker, men som ynskte logo på nettsida til klubben. Her har det etter kvart dukka opp fleire logoar. Klubben har stort behov for friske midlar inn for å betale ned lån og leige av areal. Så om nokon av medlemmane kjenner til bedrifter som kan vere interesserte i å støtte oss, ikkje nøl med å ta kontakt.

Inntekter
Det har elles vore lagt ned ein imponerande innsats av klubben sine medlemmar knytt til åriding_rjaanes_juni15 skaffe inntekter dette året. To juniorkurs har det blitt, vi har vorte leigt inn av Frivilligsentralen i Volda kommune til to arrangement og vi har vore to gangar hos Rjånes ungdomssenter. Det har også vorte arrangert to stemner som har gitt fine inntekter. Haustshowet kunne hatt betre oppmøte, men det vart overskot også her. Takk til Fora Form som sponsa ein fin stol i premie til gjettekonkurransen vår.

Julebord
Julebord er neste post på programmet. Tid og stad vil vi kome attende til etter neste styremøte. Slik det ser ut no, satsar vi på å vere heime hos nokon, og bestille eller lage mat der. Om nokon har ynskje knytt til julebord, gi gjerne beskjed.

Styre / grupper og planar
Om nokon har lyst til å engasjere seg i styret eller aktivitetsgruppa, for å bidra til auka aktivitet i klubben, er det berre å ta kontakt! Vi vurderer også å danne ei eiga gruppe som kan jobbe mot ridehall med tanke på sponsorar.

Til neste år har VRK søkt om D-stemne (med utvida klubb og internt klubb) i dressur på våren, og eit kombinert sprang- og dressurstemne på hausten (på klubbnivå). Vonleg vil det også verte lag frå VRK til Fjordhest NM i Førde neste sommar.

Vi har fått nokre store hjullastar dekk som vi har planar om å bygge feltrittshinder av. Vi kjem til å arrangere juniorkurs, stalldagar, show og marknader, og vil gjerne ha innspel på andre aktivitetar. Kanskje kan vi få til fleire fellesturar og Laushopping (8)medlemsmøter/pizzakveldar, helgekurs for instruktørar eller distanseritt?

Og ikkje minst: VRK feirar 20 år i 2016 – dette må markerast! Har du innspel til korleis dette kan skje, gi oss eit vink då vel! 🙂

FLEIRE NYHENDE