Klissvått haustshow

haustshow2015Søndag arrangerte vi haustshow på ridebana. Sjølv om vi var veldig uheldige med veret, var dei som møtte opp fornøgde med dagen. Vi viste fram sprangkvadrilje, raseframvisning og voltige. I tillegg fekk barna ri junior-gymkhana, barneriding og strigle og kose med hestar.

Dette showet viste at behovet for ein ridehall i Volda er stort. Dette vil styret jobbe vidare mot neste år.

Her kan du lese artikkel i Møre frå dagen: Haustshowet som (nesten) regna vekk

Sjå bilete frå dagen under:

Haustshow 2015

Bilete frå haustshowet, glimt frå voltige 25. oktober 2015. Foto: Bodil Molvik

Sjå glimt frå dagen under:

[ypt playlist_id=”PLUA4iChZ4BZZICJXaIIDPQCiYa6Gdnlzs”]

 

FLEIRE NYHENDE