Måndag 28. oktober inviterte Volda rideklubb medlemmane til informasjonsmøte knytt til klubben si målsetjing om å verte ein Satsingsklubb i Norges Rytterforbund 2020.
Heile 20 medlemmar tok del i møtet, både ungdommar og vaksne. Nokre av dei som møtte var ferske medlemmar, medan andre hadde lang fartstid i klubben. Felles for alle var at dei hadde lyst å vere med å sette sitt preg på drifta av klubben framover. Under møtet vart det først orientert om kva det inneber å vere ein Satsingsklubb, og kva som må til for å oppnå slik status.
Etterpå fekk medlemmane kome med innspel til ting dei tykkjer fungerer bra i klubben, og kva som kan bli betre. Det var kjekt å høyre alle gode tilbakemeldingane, og det kom elles inn mykje konstruktive innspel for vegen vidare. No skal styret arbeide vidare med å få sendt inn all dokumentasjon som trengst, før det vert eit oppfølgingsmøte med klubbrettleiaren vår i februar.
Les artikkel frå Møre her: Volda rideklubb jobbar mot kvalitetsstempel