Torsdag 28. mai arrangerte vi open dag på ridebana på kvelden. NRYF feira 100 år i år. I den forbinding fekk vi støtte til at alle aktivitetane var gratis. Vi hadde mange aktivitetar for dei yngste, som junior-gymkhana, strigling og kos med hest, barnekøyring og hesteskokasting. I tillegg var kiosken open. Der var mange som møtte opp, og barna fekk ri og køyre mange runder.
Les meir om den opne dagen her: Godt oppmøte på open dag