Niande år i toget

17mai_2015_folketogetFor niande gong på rad har vi delteke med hestar i folketoget. Det var Pokemann og Liv Jorunn Nyhagen og Linka og Edle Holmin som fronta toget i år. Dei siste åra har vi fått lov å gå fremst i toget, noko som er veldig kjekt. Då får vi vist oss betre fram samtidig som det er tryggare. Bak hestane hadde vi heile fire plukkarar av hestemøkk denne gongen.

Lenger bak i toget gjekk resten av klubben med fana vår. Der var det godt oppmøte med heile 12 personar, det var veldig kjekt at så mange ville gå ilag med oss. Takk for ein flott dag! 🙂

Under kan du sjå fleire bilete frå dagen.

  • Haustshow 2014
17. mai 2015

I år er det niande gong vi stiller med hest i folketoget. Vi hadde i tillegg heile 4 hestevakter bak hestane, og der var 12 personar som gjekk lengre bak i toget i lag med fana vår. Foto: Øyvind Rødset, Andreas Eikrem og Per Ove Mundal.

FLEIRE NYHENDE