Dugnadstimar

barneriding-i-sentrum-10Det nærmar seg årsmøte og vi vil gjerne ha inn dugnadstimar som medlemmane har gjort for klubben på stemner og andre arrangement, vedlikehald på bana og barneriding i løpet av 2012. Vi har gjort ei lita forandring der ein no må ha 5 dugnadstimar (før var det 15) for å få eit gåvekort på 100 kr frå Eiksenteret eller Felleskjøpet. Sidan økonomien vår er stram for tida, har vi bestemt at styremedlemmane ikkje får gåvekort for dugnadstimar.

Timane må registrerast på dei private sidene på nettsida under «Dugnadstimar». Logg inn og legg inn timane du har gjort for klubben i 2012. Der ligg allereie ein del timar for nokre av styremedlemmane som du kan sjå etter om du ikkje hugsar alle timane du har jobba. Fristen er satt til 27. februar og vi vil dele ut gåvekorta på årsmøtet. Den som har flest dugnadstimar i løpet av 2012 får ein liten premie 🙂

 

FLEIRE NYHENDE