Klubbstemne i sprang

Sprang_IdaLaurdag 9. april blir det klubbstemne i sprang på Vollane ridebane.

Stemnet er ope for medlemmar i Volda rideklubb. Ein treng ikkje grønt kort eller rytter-/hestelisens for å vere med, men hestepass med gyldige vaksinarsjonar i høve KR1 må visast i sekretariatet.

Klubben har hestar til utlån for juniormedlemmar i Volda rideklubb som vil starte klasse 1. Denne klassen er også open for «vanlege» medlemmar, men dei må i så fall stille med eigen hest.

Sjå invitasjonen her: Invitasjon til internt klubbstemne i sprang

FLEIRE NYHENDE