Sommarshow 20 års jubileum

13254755_10154103057201142_5080264386826158438_oSøndag 29. mai blir det sommarshow på Vollane ridebane. Volda rideklubb feirer 20 år i år, og vil i den samanheng feire med eit show. Dagen startar kl 12.00 med ein halvtime med barneriding før showet startar kl 12.30. Det blir forskjellige innslag som voltige, dressuroppvisning (kür), westernoppvisning og sprangduell. Etter showet blir det mogleg for dei minste å sitte på hesteryggen igjen.

Det blir servert mykje godt i kiosken, og vi har også ein konkurranse om å tippe omkretsen på fjordingen Botnar rundt magen. Vi har fine premiar.

Inngangsbillett vaksne (18 år og oppover): 50 kr
Inngangsbillett barn: Gratis
Barneriding: 20 kr per runde

Sjå vegbeskriving til Vollane ridebane.

Vel møtt! 🙂

FLEIRE NYHENDE