Det blir ridehall!


Etter mange års jobbing kan det endelig sjå ut for at Volda rideklubb får ridehall. Dersom alt går etter planen kan vi starte byggeprosessen til våren 2019.

Det blir eit anlegg med ridehall på 20×60 meter, 9 stallplassar, klubblokale og tribune. Hallen blir i limtre, eit miljøvenleg alternativ, og bygd slik at den vil ligge godt i terrenget. Hallen skal plasserast parallellt med den eksisterande ridebana på Vollane.

For å realisere dette må vi ta opp eit lån og dermed auke aktiviteten og innteninga vår framover. Vi er derfor heilt avhengig av hjelp frå våre flotte medlemmar framover med diverse dugnadsarbeid for finansiering av ridehallen.

Det blir kjempekjekt å kunne tilby kurs og aktivitetar heile året innandørs!