Vellykka dag

sommarshow2013Søndag hadde vi sommarshow og marknad på Vollane ridebane. Sjølv om vermeldingane såg dårlege ut var det opplett store delar av dagen. Rundt 150 publikum var innom bana og flest born besøkte oss denne dagen. Det var populært å ri og sitje i vogn og strigle hest.

Vi hadde også hesteskokasting for dei som ville gjere noko anna. Under junior-gymkhanaen var det heile 21 påmeldte barn, noko som er ny rekord. Dei fekk kvar sin medalje frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre etter innsatsen. Under showet hadde vi både sprangkvadrilje, snørekjøring på grus, presisjonskøyring og dressuroppvisning. Sjå film og bilete under.

Her kan du lese artikkelen frå showet frå Møre.[pro-player width=’580′ height=’400′ type=’video’ image=’https://voldarideklubb.no/wp-content/uploads/2013/06/sprangkvadrilje.jpg’]https://voldarideklubb.no/wp-content/uploads/2013/06/Sommarshow-02.06.2013.m4v[/pro-player]

FLEIRE NYHENDE