10 unge ryttarar

tur i skogenOver tre tirsdagar i mai og juni har vi hatt ridekurs for 10 unge rytterar i alderen frå 6 til 12 år. Vi hadde to økter på ridebana der barna fekk lære grunnleggande øvelsar som start/stopp, svinging og tempovekslingar.

Siste timen hadde vi ein fellestur innover Markavegen der barna gjekk gjennom ei hinderløype med postar som sikk-sakk, skritte over trestokkar og traving. Ved mål stod Magne Holmin klar med popcorn og saft. Barna fekk også leite etter ei overrasking som var gøymt i skogen. Der fann dei eit puslespel til kvar av eit hestehovud som dei fekk ta med seg heim. Artikkel frå ridekurset i Møre kjem i løpet av veka.

FLEIRE NYHENDE