Vellukka ridestemne

1310nordvest2

Søndag 13. oktober arrangerte Volda rideklubb utvida klubbstemne i dressur og sprang. Det kom deltakarar frå Giske, Sula og NordVest, i tillegg til frå arrangørklubben. Totalt var det ti ekvipasjer til start, i klasser frå LC-LA dressur og 40-85 cm sprang. Dommarar og banebyggar stilte klubben med sjølv, og dette er fyrste gongen sidan opningsstemnet ved bana at VRK har arrangert sprangstemne. Det var jammen på tide! 😉

For å få unna stemnet raskt og utnytte dugnadsgjengen på best mogleg måte, vart sprangbana bygt opp laurdag kveld, og dressurrailen plassert på borterste kortsida. Slik fekk vi utnytta plassen til det fulle. Dommarane kan melde om mykje fin riding, både i dressur og sprang. Alle reid godkjente dressurprogram, og alle kom fint gjennom sprangbanene. Resultat er å finne på www.hpnett.no

Med dette er stemnesesongen i Volda over for i år, men vi satsar på fleire aktivitetar i 2014. Følg med, følg med!

På bilete frå venstre: Kasper med Silje og Frøydis, Amalie på Anastasia, Synnøve på Antine og Linnea på English Diamond. Alle frå NordVest. Foto: Helen Harneshaug.

FLEIRE NYHENDE