No er utelysa endeleg på plass ved ridebana igjen. Det er hengt opp to lyskastarar på veggen av hallen som vender ned mot bana, så no er det mogleg å bruke utebana på kveldstid. Bana vart også horva tidlegare denne veka, slik at den skal vere klar for bruk igjen. Ein slår på utelysa med ein eigen lysbrytar inne i ridehallen. Hugs å slå av lysa att etter bruk!