Turar for barn og unge

Søndag hadde vi barneridings-tur for barn og unge der to var med på ein halvtimes tur mot Rotevassætra og tre sat på hesteryggen på ein timestur nedover mot Rotevatnet. Ungane virka veldig fornøgde og det var kjekt å få sitje litt lenger på hesten enn berre ei runde på ridebana. Vi vil gjenta suksessen gjennom vinteren og set opp ein søndag før jul i første omgang. Det blir søndag 4. desember.

Det er 100 kr for halvtimes tur, 200 for ein heil time. Nedre aldersgrense 5-6 år. Vi har leiarar til kvar hest, og hjelm og sikkerheitsvest til utlån. Oppmøte kl. 12 ved Vollane ridebane.

Førstemann til mølla!

[DKB url=»https://voldarideklubb.no/skjema-ridetur-barn-og-vaksne/» text=»Meld på» opennewwindow=»no» textcolor=»#ffffff»]

FLEIRE NYHENDE