Sponsorar 2015

Volda rideklubb ynskjer å rette ei stor takk til våre sponsorar i 2015:øving opningsshow

 

 

 

 

 

 

 

 

Sparebanken Møre Støtta oss med nytt dekke på ridebana, grus og gummirasp
Banken har over mange år bygd opp eit stort kompetansemiljø i Møre og Romsdal relatert til person- og bedriftsmarknad, samt aksje-, rente- og valutamarknad. Saman med datterselskapet Møre Eiendomsmegling AS er dei ein fullservicebank for personar, bedrifter og det offentlege Møre og Romsdal.
Nettstad: www.sbm.no

Kragset Eigedomsmekling sponsa til klubbkle og stemne
Kragset Eigedomsmekling er eit uavhengig eigedomsmeklarkontor, med sal av fast eigedom på Søre Sunnmøre som sin spesialitet. Verksemda har lang erfaring og sterk lokalkunnskap, og dei tilsette set si ære i at du skal verte nøgd med resultatet og prosessen, enten du er seljer eller kjøpar.
Nettstad: www.kragseteigedom.no

Mesterhus sponsing til klubbkle
Mesterhus Sunnmøre er ein av dei største utbyggjarane av private bustadhus og prosjektbustader i regionen. Selskapet har som målsetjing at kunnskapen og erfaringa deira skal kome kunden til gode. Historia til selskapet går tilbake til 1998, då Tømrer Service AS vart etablert. Selskapet vart delt i 2009 til entreprenørfirmaet Tømrer Service AS og prosjektfirmaet Tømrer Prosjekt AS. Saman profilerer dei seg under namnet Mesterhus Sunnmøre, og driv allsidig verksemd i heile regionen.
Nettstad: www.mesterhussunnmore.no

Møre sponsa til klubbkle og annonser
Møre og Aarflots Prenteverk har ei lang og rikhaldig presse- og trykkerihistorie. Mannen som starta det heile var Sivert Knudsen Aarflot, og det var opplysningstrongen som var drivkrafta då han søkte Danske-kongen om løyve til å starte prenteverk i 1807. Løyve fekk han i 1808, og i 1809 starta han opp med trykkeri på Ekset i Volda. Frå 1810 gav han ut Norsk Landboeblad, som er forløparen til Møre. I dag er avisa den eldste avisa på landsbygda og den nest eldste i Noreg. Berre Adresseavisa i Trondheim er eldre.
Nettstad: www.mre.no

Rotevatn Trafikkskule støtta til klubbkle
Rotevatn Trafikkskule vart starta i 1976, og er ein av dei eldste trafikkskulane i Volda. Skulen vart starta av John Rotevatn, som framleis er dagleg leiar. I 2005 vart også sonen Kjell Erik tilsett som trafikklærar, og han er i dag fagleg leiar på trafikkskulen. Trafikkskulen kjøpte i 2011 Ulstein Trafikkskule, og fekk dermed ein større base også i Ulsteinvik. I tida etter dette har dei vidare tilsett tre nye trafikklærarar, slik at dei i dag er seks trafikklærarar som driv undervisning rundt om på Søre Sunnmøre.
Nettstad: www.rotevatntrafikkskole.no

Sparebank 1 Støtta oss med gåvepremiar til stemne og gåvemidlar
SpareBank 1 Søre Sunnmøre er 1 av 16 bankar i SpareBank 1 Alliansen. Banken har i dag seks avdelingskontor på søre sunnmøre. Visjonen til banken er å gjere det betre å bu og virke på Søre Sunnmøre. Denne visjonen gir dei eit tungt ansvar for korleis dei ynskjer å bli oppfatta. Banken sin ambisjon er å kunne forbli ein sjølvstendig, lokal bank som betyr meir for bedrifter og personer i lokalsamfunnet, enn andre bankar. Kundane skal oppfatte banken som nær og dyktig.
Nettstad: www.sparebanken.no

Aurstad Støtta oss til stemne og støtte til drift
Aurstadkonsernet består av morselskapet Aurstad AS som eig 100% av selskapa K A Aurstad AS og Volda Ørsta Pukkverk AS. Volda Ørsta Pukkverk AS leiger alle sine tenester med K A Aurstad AS. Alle tilsette er tilsette i K A Aurstad AS. Administrerande direktør for K A Aurstad AS er Per Kristian Langlo. K A Aurstad AS har ca 200 tilsette og hadde ei omsetning i 2014 på MNOK 573.
Nettstad: www.aurstad.no

Volda Maskin Støtta oss til drift pluss rabatt innkjøpt grus
Volda Maskin har sidan starten i 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med fokus på kompetanse, kvalitet, og samarbeid. Bedrifta si visjon er at dei skal vere der det skal byggast. Fornøgde oppdragsgivarar er deira beste marknadsføring, og dei arbeider difor kontinuerlig for å vere ein sterk aktør innan deira bransje. 25-års erfaring og høg kompetanse i kombinasjon med ein moderne maskinpark gjer dei rusta til å ta alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Dei har hovudkontor i Volda, og deira prosjekt ligg hovudsaklig i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Nettstad: www.voldamaskin.no

Ulstein Group Støtta oss støtte til drift
Ulstein Group ASA er morselskapet i ei gruppe av maritime bedrifter, som spesialiserar seg på skipsdesign og maritime løysingar, skipsbygging, kraft og kontroll og shipping. Det familieeigde selskapet vart grunnlagt i 1917.
Nettstad: www.ulstein.com

Tussa sponsa oss til stemne i april
Tussa er eit leiande energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre. 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT, installasjon og energirådgjeving.
Nettstad: www.tussa.no

Retura Søre Sunnmøre sponsa oss med rabatt på frakt gummigranulat
Retura Søre Sunnmøre er totalleverandør av avfallsløysingar til næringsliv og private. Bak Retura står erfarne og solide aktørar innan avfallsbransjen, med høg kompetanse og god lokalkunnskap. 
Nettstad: www.vor.no

Fora Form sponsa oss med premie til haustshowet
Fora Form vart grunnlagt i 1929, og er ein av Skandinavias ledande leverandører av stolar, sittegrupper og bord til kontraktmarknaden. Deira visjon er å tilby unike møblar med skandinavisk design til møteplassar for profilering og verdiskaping. Fora Form er ein del av Lammhults Design Group.
Nettstad: www.foraform.no

 

FLEIRE NYHENDE