Sommarshow og marknad

10312399_10152404044920412_8553217500119283106_nSøndag 1. juni blir det sommarshow og marknad på Vollane ridebane kl. 14.00. Vi har mykje spennande program og under ser du ca-tidene for alle innslaga:

14.00: Laushopping
14.05: Sprangkvadrilje
14.10: Tølt med islandshest
14.15: Tippekonkurranse – tipp høgda på ein hest

14.20: PAUSE – barneriding

15.00: Laushopping
15.05: Miniski
15.10: Køyring
15.15: Høgdehopping
15.20: Juniorgymkhana

Det blir også mogleg å prøve å strigle og stelle 2 hestar under heile arrangementet. Dette er gratis.

Prisar:
Inngangsbillett vaksne (18 år og oppover): 50 kr
Inngangsbillett barn: Gratis
Junior-gymkhana: 80 kr
Barneriding: 20 kr per runde

Vi har kortautmat på showet/marknaden. Det blir kiosksal under heile arrangementet med mykje forskjellig godt. Dersom det blir fullt ved ridebana kan ein parkere ved Tussa sin trafo-stasjon til venstre like etter nedkøyringa til ridebana. Ta gjerne med eigen campingstol, då vi har litt begrensa med sitteplassar.

Junior-gymkhana med kostyme
Gymkhana er leik med hest. Du kan du lese meir om gymkhana her. Det vert sett opp ei enkel hinderløype som består av små hinder (valfri høgde), samt kjegler og bommar. Borna får med leiar på turen dersom dei ikkje ynskjer å ri åleine. Ein treng ingen rideerfaring for å vere med på dette.

Det vert høve til å låne hest for dei som ikkje disponerer eigen hest. Gi beskjed om dette ved påmelding. Nedre aldersgrense er 2 år. Denne gongen vert det junior-gymkhana med kostyme. Vi oppfordrar deltakarane av gymkhanaen å kle seg ut, og beste kostyme vert premiert.

Premiering: Sløyfer og gåvepremiar til alle deltakarane, ingen rangering. Premiering for beste kostyme.

Klubben har tryggleiksvestar og ridehjelmar til utlån. Hugs sko med hæl. Det vert også høve til å melde seg på gymkhanaen på sjølve marknaden, men dei som melder seg på via skjemaet får ri først.

19. mai 2014

FLEIRE NYHENDE