To ekvipasjer til Fjordhest NM

Volda rideklubb har denne veka (veke 27) to ekvipasjer til start under Fjordhest NM på Linnesvollen i Drammen. Det er søstrene Anna Wangen Mork og Randi Maud Mork, som stiller med hestane Bakkens Odin og Heidrid. Anna startar NM junior, medan Randi startar greinmeisterskapen i dressur. Vi ynskjer ekvipasjane lukke til!

Fleire sponsorar på plass!

Volda rideklubb fekk nyleg landa to nye skiltsponsoravtaler i ridehallen. Vi takkar Holen Sand- og Grustak AS og Norwegian Group AS for støtta! Har di verksemd lyst å syne att i ridehallen vår? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Nye sponsorskilt på plass

I mai kom skiltet til vår hovudsponsor Sparebanken Møre opp på veggen i ridehallen. Vi har god plass til fleire skilt på veggen vår, og i desse dagar er klubben i ferd med å søkje støtte hos fleire aktørar i lokalt næringsliv. Vi tilbyr skilt i to ulike storleikar (treårige avtaler), logo på heimesida vår eller kjøp av Stolt sponsor-rosett. Ta gjerne kontakt om du/ditt firma kan tenkje deg å støtte ein klubb i stor utvikling! 

Volda rideklubb har fått hovudsponsor - Sparebanken Møre

Foto: Ingvild Runde, Møre/Aarflots Prenteverk AS


Søndag kunne vi med stor glede avsløre at vi har fått ein hovudsponsor. Sparebanken Møre vil støtte oss i 3 år framover i tillegg til at vi fekk kr 100 000 til ridehallen. 

Dette kjem veldig godt med og gjer at vi kan satse vidare på bygging av stallanlegg.

Vi takker så mykje til vår samarbeidspartnar Sparebanken Møre! 

Søndag møttest vi ein gjeng frå klubben med hestar og banksjef Mette Ryste overrekte sjekken. Her kan du lese meir om det frå Møre: Har inngått hovudsponsoravtale

Stallstøtte frå Sparebanken Vest

Volda rideklubb har fått 70.000 kroner frå Sparebanken Vest sitt “Ildsjelfond” til bygging av stall på Vollane. Laurdag føremiddag vitja kunderådgjevar Frank Vatne frå Sparebanken Vest hestesportsanlegget til Volda rideklubb med det synlege beviset på gåva: Ein diplom. Stallbygget er no under planlegging, og om alt går etter planen kan det stå ferdig til hausten. Bygget skal romme ti bokser, salrom, forrom og toalett, og vil styrke tilbodet til hestesporten i Volda.