Vi har vore so heldige å få sponsa 50 000 kr til dekke på ridebana med Sparebank Møre. I dag har vi fått levert 20 kubikk med sand frå Holen Sand- og Grustak. Per Ove Mundal fekk låne veghøvelen til Aurstad for å planere ut sanden.
Ellers lurer vi på å bruke resten av pengane til gummirasp og blande med sanden for å gjere bana meir spenstig. Kanskje er vi så heldige at bana ikkje frys så lett om vinteren også.
Vi takkar så mykje for støtta med Sparebank Møre. Den kom godt m
ed!
No håper vi at bana både tryggare og betre for hestane å bruke.


