Nytt dekke på ridebana

nytt_dekke_sparebank_moreI fjor var vi så heldige å få støtte med Sparebank Møre til nytt dekke på ridebana, heile 50 000 kr. Vi har no fått kjøpt inn meir grus på ridebana og 8 sekkar med gummirasp. Den har vi hatt utover på 20×40 meter og håper at ikkje bana skal fryse så lett i tillegg til at den skal halde seg mjukare. Så det blir spennande å sjå korleis dette fungerer.

Gjer oppmerksom på at det er ikkje anbefalt å sleppe hundar på bana, då der kan vere små tynne metalltrådar som kan skade potane.

Vi takkar Sparebank Møre så mykje for gåva! 🙂

Sjå artikkelen frå Møre om tildelinga av midlane her: Ridebana får nytt dekke

Sjå bileteserie frå då vi fekk gummien på ridebana under:

Invalid Displayed Gallery

FLEIRE NYHENDE